Arkivet: The Japanese House

Amber Bain og The Japanese House spelar på John Dee i Oslo søndag kveld.
Amber Bain og The Japanese House spelar på John Dee i Oslo søndag kveld.
Publisert

Det var utpå vårparten 2015 at eg for alvor fekk auga opp for The Japanese House, då eg kom over den fabelaktige, vesle EP-plata Pools To Bathe In og skreiv entusiastisk om utgivinga på desse sidene. Amber Bain var berre 19 år den gongen, og det var ikkje stort ein kunne finne ut om henne på nettet, utover det at ho budde i London. Men kva treng ein eigentleg å vite? Musikken var framifrå.

Snart fire år har gått, og no går det an å lese både det eine og det andre om The Japanese House, eit popprosjekt Bain har utvikla med tolmod og estetisk konsekvens. Songane har dukka opp i små drypp og dosar, utstyrte med fin, enigmatisk omslagskunst, med polaroidfotografiet som omdreiingspunkt. Her har det vorte teke eitt steg i gongen.

Søndag kveld spelar The Japanese House på John Dee i Oslo. Rådet må vere klart. Ta ein lytt, og start gjerne med Pools To Bathe In – og er du i Oslo-området i helga, stikk ein tur på konsert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement