Korleis høyrest Stage Fright (1970), den tredje studioplata til The Band, ut eit halvt hundreår seinare? Har du ein neve hundrelappar å avsjå, og ønskjer du å fordjupe deg i dette spørsmålet, bør jubileumsboksen som no er ute, vere ei investering verdt ei vurdering, ikkje minst i desse innetider.
Det er klart, ein kan jo spørje seg kor mange gonger ei plate kan komme ut, i stadig nye «utvida utgåver», og ingen kan tvile på at det er pengar å tene på slikt, i alle fall på ei praktutgiving som dette. Boksen skiftar om på rekkjefølgja, slengjer på eit konsertopptak og nokre demoar og er nydeleg pakka inn med eit hefte det går an å tilbringe ei fin lita stund med.
Stage Fright har komme totalt i skuggen av dei to forgjengarane (og udiskutable klassikarane) Music From Big Pink (1968) og The Band (1969), og slik kanonisering har ofte noko sjølvforsterkande over seg.
For denne lyttaren kan nok likevel ingen av dei andre platene til The Band skyve desse ned frå trona, korleis ein enn utvidar og nypakkar, og skulle ein annan kandidat utmerke seg, måtte det vere Northern Lights – Southern Cross (1975).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.