Arkivet: The Aller Værste

The Aller Værste med bosspann.
The Aller Værste med bosspann.
Publisert

Om eg strekkjer litt på meg her eg står i vindauget, ser eg rake vegen bort på Laksevåg, der The Aller Værste hadde si første øving i oktober 1979. (For meir om det, nær sagt, kan ein unne seg nokre timar med Sverre Knudsens fine bok Sverre Knudsen, 1979 (2015).) Men det vi skal fram til her, er at 40-årsjubileet vert markert med ei nyutgåve av andrealbumet Disniland i de tusen hjem (1981) på dobbelt vinyl, som elles kjem med eit stort, nytt hefte innlagt i albumet. Som bonus får ein to singlar og ein EP, konsertopptak og greier – inkludert allsong frå Hulen, rockeklubben i Bergen som eg her skal tillate meg å kalle segnomsust.

Musikken The Aller Værste laga, høyrest framleis skarp og slåande ut, alle desse åra seinare – ein kan jo høyre kvifor dette var friskt og viktig, med sine velplasserte spark. Ei vinylutgåve passar godt, ikkje minst fordi omslagskunsten på bandets to plater – denne og Materialtretthet (1980) – kjem til sin fulle rett i formatet dei opphavleg var tiltenkt. Norsk rockehistorie, sjølvsagt, og om eg kan seie det, med mild røyst, folkens, pensum.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement