Arkivet: Terry Allens Moby Dick

Publisert

«Historien om den hvite hvalen har så å si gjennomsyret tilværelsen, spor finnes overalt», skreiv Jan Kjærstad i føreordet til utgåva av Moby Dick som Aschehoug gav ut i 2009, den norske omsetjinga som Bjørn Alex Herrman fekk ein Bragepris for.

No finst det fleire spor, for også Terry Allen peikar mot Herman Melvilles roman på sin måte med albumet Just Like Moby Dick (Paradise of Bachelors/Playground), pryda av eit måleri av Thomas Chambers (1808–1869) på omslaget.

Med seg har Allen det han kallar The Panhandle Mystery Band, ein solid gjeng der gitarist Charlie Sexton spelar ei viktig rolle, også som medprodusent, og der det elles er grunn til å trekkje fram Shannon McNally, som syng med på fleire songar.

Allen er verkeleg noko for seg sjølv: Texanaren, som er busett i Santa Fe, og som no er i midten av 70-åra, lagar sprelsk, smart country som ikkje heilt liknar på noko anna, og han er dessutan ein mykje utstilt kunstnar, i haust med ei stor retrospektiv utstilling på L.A. Louver i Los Angeles.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement