Arkivet: Sylvian og Czukay

Publisert

Alt låg til rette for ein karriere som popidol for David Sylvian, som med bandet Japan var i ferd med å oppnå kommersiell suksess litt ut i 1980-åra. Så gjekk dei kvar til sitt, seint i 1982, og Sylvian la ut på ei eiga reise som kompromisslaus estetikar og kunstpopartist – han ville gå sine eigne vegar, og ikkje tenkje på om musikken han laga, kunne finne vegen til hitlistene.

Ikkje minst var dette tydeleg då han vinteren 1986 laga musikk saman med Holger Czukay, kjend frå krautrockbandet Can. Resultatet vart frittflytande, ekspansiv og meditativ ambientmusikk, og det av ein art som fekk plateselskapa til å rynke på nasen. Salspotensialet var ganske avgrensa. Først to år seinare kom Plight & Premonition (1988) ut, og deretter følgde Flux & Mutability (1989), album eg ikkje har funne vegen til før no, trass i at eg kan rekne meg sjølv som ein ivrig Sylvian-lyttar. Det tyske kvalitetsplateselskapet Grönland Records – «eine unabhängige Plattenfirma» – har nemleg gitt ut platene på nytt. Begge utgivingane er nymastra, og om du går for vinyl, vil du finne dei pakka inn på nytt, med design av Chris Bigg, ny kunst av Sylvian, fleire fotografi tekne av Yuka Fujii og eit essay av David Toop. Eg har kosa meg med å oppdage desse utgivingane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement