Arkivet: Susanna

Publisert

Susannas nye studioalbum Go Dig My Grave baserer seg på ein konsert i Kongsberg kyrkje i fjor sommar, under Kongsberg Jazz, og er flott framført av Giovanna Pessi (harpe), Ida Hidle (akkordion), Tuva Syvertsen (hardangerfele og fele) og Susanna Wallumrød sjølv (kalimba og vokal).

Det dreier seg om ei samling songar frå vidt ulike tradisjonar og epokar, somme av dei komponerte med hundrevis av års mellomrom, noko som kunne ha fått dette til å sprike eller verke tilgjort, men nei. Samansetjinga kastar nytt lys på kvar enkelt song, og albumet har ein sterk heilskapleg identitet.

Gamle tonar som «Freight Train» (Elizabeth Cotten (1893–1987)), «Cold Song» (John Dryden (1631–1700)) og Henry Purcell (1659–1695)) deler rom med fleire tradisjonelle songar, mellom dei tittelsporet. Wallumrød har sjølv tonesett eit stykke poesi av Baudelaire. Nærare vår tid kjem vi med presise tolkingar av «Lilac Wine» (James Shelton, 1950), gjort udødeleg av både Nina Simone (1954) og Jeff Buckley (1994).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement