Arkivet: Stevie Wonder

Publisert

I eit intervju med den britiske avisa The Evening Standard trekkjer Natalie Prass (sjå meldinga over) fram Stevie Wonder som ei vesentleg inspirasjonskjelde, og då særleg platene frå 1970-åra: «Stevie Wonder er sjølvsagt meisterleg når det kjem til ein type politisk musikk som er for alle, og som trass i alt er full av glede. Eg ville (med Future and the Past) prøve meg på det same: å melde frå om noko utan å bruke peikefingeren.»

Plater som Where I’m Coming From (1971), Music of My Mind (1972) og fleire som følgde utover 1970-åra, står med sitt markante politiske og sosiale engasjement som bautaer i populærmusikken det tiåret. Førstnemnde kom nok i skuggen for Marvin Gayes What’s Going On, som kom ut same året. Wonder skreiv elles ikkje songane på Where I’m Coming From åleine – dei vart til i samarbeid med kvinna han då var gift med, Syreeta Wright.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement