Arkivet: Soul of a Nation
Det påliteleg interessante, vesle plateselskapet Soul Jazz Records byr i desse dagar på ei ny fin plate: Soul of a Nation: Afro-Centric Visions In The Age of Black Power. Underground Jazz, Street Funk & The Roots of Rap 1968–79.
Som den lange tittelen tyder på, er utgivinga knytt til ei utstilling – nærare bestemt på Tate Modern i London – som utforskar korleis kunst, musikk og poesi samverka med borgarrettsrørsla i USA i det aktuelle tidsrommet.
Utstillinga er det mange gode grunnar til å ta turen innom, skal du til dei trakter i næraste framtid. Men albumet er ei fin lita samling uavhengig av utstillinga, frå opninga med Gil Scott-Herons «The Revolution Will Not Be Televised» og heilt fram til avslutningssporet til Carlos Garnett, «Mother Of The Future».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.