Musikk
Arkivet: Skotsk pop
2018 vart året då skotsk pophistorie fekk litt meir merksemd enn andre år: Frå fleire hald har eg høyrt at utstillinga Rip It Up: The Story of Scottish Pop på nasjonalmuseet i Glasgow var vel verd å få med seg. BBC laga TV-serie, og avisskriveri vart det også av det heile, for i sommar fekk lesarane av The Herald kåre dei skotske favorittplatene sine: I slutten av juni vart topp 10 publisert.
Sigrande ut gjekk The Blue Nile og albumet Hats (1989). Kva kan eg seie? Har du ikkje lytta til plata, så ikkje vent lenger. Vokalist Paul Buchanan har kanskje den vakraste poprøysta som finst, noko som gjer han heilt i stand til å skildre korleis «all the rainy pavements lead to you». Som journalist Marianne Taylor i The Herald så treffande formulerer det: «The rainy pavements of Glasgow will always lead to Hats.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.