Arkivet: Skål for Garange
Tidlegare i vår kunne Bergens Tidende rapportere at Bergens store rockeklubb Garage var nedleggingstruga. Det kan sjølvsagt ikkje skje! Og for verkeleg å etterlate liten tvil om akkurat det, har eit fint knippe artistar levert songar til hyllestplata Christiesgate 14 – hyllest til Garage (Apollon Records).
Med på kjøpet får du ein fin tekst av entusiast og musikkformidlar Bård Ose titulert «1. Osebok», som på typisk vittig vis gir historia om korleis klubben vart til, ein passande bibelsk klang: «I begynnelsen var kjelleren. Kjelleren var øde og tom, mørke lå over dypet, og rockens ånd svevde over gulvet.» Kva som så skjedde, vil enkelte lesarar alt vite, men dei har nok ikkje høyrt forteljinga heilt på denne måten før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.