Arkivet: Sir Reiersrud

Knut Reiersrud feirar 40 år som musikar.
Knut Reiersrud feirar 40 år som musikar.
Publisert

Takk, filmfotograf Odd Geir Sæter, for at du fekk det til slik at vi søndag klokka ti kan skru på NRK2 klokka ti om kvelden og sjå 40 år i blå dress: Knut Reiersrud jubilerer, eit konsertopptak frå Røverstaden i Oslo i februar i år, og for at dermed også konsertplata Life: Live at Røverstaden såg dagens lys, slik vi no kan fylle stovene våre med sceneartisten Knut Reiersrud, som kan sjå tilbake på 40 år som artist.

Høgdepunkta på albumet er mange før det kulminerer med eit knapt kvarter med bluesmagi med «I Can’t Stop», slik det også var i gledesstunda på Notodden i fjor sommar, då eg fekk med meg dette fabelaktige bandet ein sein kveldstime på Hovigs Hangar.

Eg gjentek det eg skreiv i denne avisa i 2015: Reiersrud er ein fortolkar som tek tak i tradisjonen utan silkehanskar, men med fingerspitzgefühl, ein solid leverandør til den fortløpande reviderte, store, røffe guiden til musikkens mange rørsler og reiser: Knut Reiersrud spelar, men han lyttar også, til dei som spelar saman med han, og til songane som flyt gjennom dalføre og delta og rett inn i platestudioet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement