Arkivet: Sigbjørn Nedland
I programmet Nedlands jukebox kan ein høyre mange av favorittintervjua til Sigbjørn Nedland.
Fotomontasje: NRK
Nokre av mine finaste lyttestunder i ungdomstida kan eg takke NRK-veteran Sigbjørn Nedland for. Det var i perioden då eg lytta til radioprogrammet Pandoras Jukeboks kvar veke, at musikkinteressa verkeleg tok form. Anten spela Nedland musikk eg sat der og berre venta på skulle komme ut, eller så introduserte han ein artist som skulle vise seg å verte viktig for meg. Rett som det var, fekk han også til intervju med store artistar, samtalar det kom rett mykje ut av, fordi Nedland er kunnskapsrik, er god til å lytte og latar til å ha eit mildt, men tydeleg nærvær i møtet med dei som lagar musikken han deler med lyttarane – kvalitetar fleire også vil kjenne frå det mangeårige arbeidet hans med programmet Jungeltelegrafen.
I haust takka han av, men no på nyåret har NRK sett i gang ein fin serie ved Siv Wammer, passande titulert Nedlands jukeboks, og tilgjengeleg bit for bit på NRK sine nettsider, med klipp frå mange av intervjua opp gjennom åra. Første og andre del omhandlar skriveprosessen – korleis vert ein låt til? Eit spørsmål som folk som Joni Mitchell, Leonard Cohen, Rickie Lee Jones, Lou Reed, Neil Young, Townes Van Zandt, Tom Waits, Paul Simon og Peter Gabriel, for å nemne nokre, bør kunne ha føresetnader for å svare på. Og ikkje minst Frida Ånnevik, som insisterer på retten til å vere underfundig, og å gjere bruk av ord som er meir kantete enn mjuke, og som ofte difor ikkje er så typiske for songtekstar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.