Arkivet: Shannons Waylon

Publisert

Lesarar som likar Waylon Jennings, bør finne vegen til Shannon McNallys ferske album The Waylon Sessions, som ikkje er ei hyllest så mykje som ei slags rekontekstualisering av musikken hans. Som artist og plateselskap poengterer i ei pressemelding, dreier det seg om ein «nyansert, feminin vri» på eit materiale som lenge har vore rekna som ein «hetero-maskulin bastion».

Når det er sagt, dreier det seg ikkje om noka mjuk tolking av Jennings’ outlaw-estetikk, snarare tvert om. For McNally var det viktig å tilføre ein eigen intensitet til stoffet – ho gir uttrykk for at ho ønskte å syngje songane slik at dei høyrdest truverdige ut frå ståstaden til ei skild åleinemor i førtiåra (altså hennar eigen ståstad).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement