Arkivet: Ryuichi Sakamoto
Ryuichi Sakamoto komponerer film- musikk i tillegg til elektronisk pop.
Foto: Dominico Stinellis / AP / NTB scanpix
2019 har vore året der Ryuichi Sakamoto rettar blikket mot fortid, samtid og framtid i ulike prosjekt: Nyutgåver av tidlege soloarbeid som Thousand Knives Of (1978) og B-2 Unit (1980) gjer det mogleg for gamle og nye lyttarar atter å nærme seg Sakamotos utforskande og eksperimenterande elektroniske musikk, som om kvarandre viser ei frigjering frå melodiske strukturar, og til same tid ein uvanleg meloditeft. Diktresitasjon med vocoder opnar Thousand Knives Of, for så å verte følgd av ein spretten, globalt orientert avantpop med nokre markante avstikkarar. På mange måtar peikar desse utgivingane fram mot samarbeid som vart viktige for Sakamoto, som det med David Sylvian, og mot dei mange lydspora han har laga opp gjennom åra.
I fleire av desse lydspora komponerer Sakamoto ein film- og TV-musikk som er skapt for futuristiske forteljingar. I år har han tonesett den kritikarroste romstasjonsfilmen Proxima (regi: Alice Winocour) og Smithereens (regi: James Hawes), sistnemnte ein av dei sterkaste Black Mirror-episodane i nyare tid, der Sakamoto treffer blink i si lydleggjering av serieskapar Charlie Brookers urovekkjande attkjennelege fiksjonsunivers.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
2019 har vore året der Ryuichi Sakamoto rettar blikket mot fortid, samtid og framtid i ulike prosjekt: Nyutgåver av tidlege soloarbeid som Thousand Knives Of (1978) og B-2 Unit (1980) gjer det mogleg for gamle og nye lyttarar atter å nærme seg Sakamotos utforskande og eksperimenterande elektroniske musikk, som om kvarandre viser ei frigjering frå melodiske strukturar, og til same tid ein uvanleg meloditeft. Diktresitasjon med vocoder opnar Thousand Knives Of, for så å verte følgd av ein spretten, globalt orientert avantpop med nokre markante avstikkarar. På mange måtar peikar desse utgivingane fram mot samarbeid som vart viktige for Sakamoto, som det med David Sylvian, og mot dei mange lydspora han har laga opp gjennom åra.
I fleire av desse lydspora komponerer Sakamoto ein film- og TV-musikk som er skapt for futuristiske forteljingar. I år har han tonesett den kritikarroste romstasjonsfilmen Proxima (regi: Alice Winocour) og Smithereens (regi: James Hawes), sistnemnte ein av dei sterkaste Black Mirror-episodane i nyare tid, der Sakamoto treffer blink i si lydleggjering av serieskapar Charlie Brookers urovekkjande attkjennelege fiksjonsunivers.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.