Verdsturneen til Roger Waters i 2017–2018 følgde Is This The Life We Really Want? (2017), det første studioalbumet frå den kanten sidan Amused to Death (1992), og ei verkeleg vital utgiving som eg på desse sidene drista meg til å kalle «det beste Pink Floyd-albumet sidan tidleg på 1980-talet». Waters hadde fått med seg Nigel Godrich (Radiohead) som produsent, og sentral var også Jonathan Wilson, som etterpå vart med på turneen, der han tok plassen til gitarist David Gilmour i framføringa av gamle Floyd-klassikarar.
Ein må kunne kalle turneen ein kunstnarleg og kommersiell suksess, med sine 156 konsertar og 2,3 millionar publikummarar. Waters fekk mykje merksemd for det spektakulære, multisensoriske sceneshowet, med si teatralske, markant audiovisuelle utforming.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.