Arkivet: Robert Crumb

Publisert

Skriv du om musikk, likar du også å lese om musikk. Det er ikkje til å unngå at slike som eg også har eit auge på den visuelle kulturen som omgir ulike musikksjangrar, der finst det store rikdomar. Frå tid til anna bør ein løfte fram bøker frå hyllene og inn i denne spalta.

Teikneserien står av ulike grunnar i ein rik relasjon til populærmusikken, og ein sentral aktør i så måte er teikneserieskaparen Robert Crumbs arbeid. Ein kunne ha fylt heile avisa med det, men denne fredagen får vi plukke ut eit lite sjarmtroll: R. Crumb’s Heroes of Blues, Jazz, & Country (2006), som samlar bytekort Crumb har laga i bokform.

Det dreier seg om tre seriar: «Heroes of the Blues», «Early Jazz Greats» og «Pioneers of Country Music» – og i boka er alle utstyrte med små biografiar, i tillegg til Crumbs portrett.

R. Crumb’s Heroes of Blues, Jazz, & Country byr også på ei lita lydleg oppdagingsferd, for med følgjer ei CD-plate med 21 spor som teikneserieskaparen sjølv har sett saman, med originalinnspelingar av folk som Charley Patton, Dock Boggs og Jelly Roll Morton.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement