Arkivet: Remington Super 60

Publisert

Ein julesingel frå Nordpolen Musikklubb har vorte ei årleg glede, og i år er det sjette gong dei byr på ein godbit – som vanleg har dei leitt litt i julemusikkens overraskande rike og mangfaldige fortid, og funne materialet til det som no føreligg som Christmas EP, som inneheld fire låtar av Remington Super 60.

Fredrikstadbandet har hatt skiftande samansetjing i løpet av dei tjue åra det har eksistert, men låtskrivar og produsent Christoffer Schou har vore med heile vegen. På EP-en har fire songar av gammal og ny dato fått plass: «Christmas Song for Melanie» som er frå 2001, Beach Boys-inspirerte «Here Comes Christmas», frå 2006, «A Winter Song» og «Another Christmas Song» som er av nyare dato, frå 2017–2018.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement