Finst det noko finare album enn Automatic for the People (1992)?
Tallause gonger har eg lytta meg gjennom plata, såpass ofte gjennom eit kvart hundreår at det heile kjennest uforanderleg – eg kunne ikkje ønskt noko annleis. Kvar song følgjer slik han må og skal. Må eg trekkje fram noko frå albumet, vert det siste strekket inn mot mål: dei to avsluttande songane «Nightswimming» og «Find the River».
Out of Time (1991) hadde gitt R.E.M. eit enormt publikum, men dei heldt fram med å lage musikk med hjartet. Store strategar var dei aldri – at «Everybody Hurts» skulle verte ein hit, var ikkje noko dei kunne rekne med.
Slik vart Automatic for the People, har eg tenkt. Og slik må det vere. Eg treng ikkje meir, ingen treng å tømme skuffene for konsertopptak og demoinnspelingar for min del.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.