Arkivet: Red Dead Redemption 2

Publisert

Dei siste vekene har tenåringen og eg gitt oss i kast med dataspelet Red Dead Redemption 2, og det er ikkje til å kome forbi at alt skrytet verkar ganske så fortent. I timevis har vi funne oss sjølve på tampen av 1800-talet, i ei amerikansk westernforteljing så detaljert og livaktig rik at klokka har rast frå oss her i 2019. Det ville vesten er ikkje som før.

Sidan eg er den eg er, har eg også vorte oppteken av lydsporet til dette spelet, og Rockstar Games har lagt seg på eit høgt kvalitetsnivå. Woody Jackson har laga musikk for dei i årevis, og har atter komponert, men her er det også mangt anna å glede seg over. Saksofonist Colin Stetson (Bon Iver) dukkar opp, det same gjer trommis Jon Theodore (Queens of the Stone Age) og mange, mange andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement