Arkivet: Ray Charles
Ray Charles då han spelte på jazzfestivalen i Molde i 1999.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Skal ein velje ut dei viktigaste songane i populærmusikkhistoria, vil Ray Charles’ ikoniske «What’d I Say» figurere på mange lister. Mange vil hevde at det var her soulmusikken vart fødd, at låten pløgde veg for både Aretha Franklin og James Brown.
«What’d I Say» vart til på konsert, då Charles og bandet trong å fylle nokre minutt på slutten av ein av maratonkveldane oppunder jul i 1958. Artisten gav koristane i The Raelettes beskjed om at han skulle improvisere litt på tangentane, og at dei berre kunne følgje på. Reaksjonen frå publikum var tydeleg og spontan, og Charles forstod at han sat på sprengstoff.
I botnen av «What’d I Say» finst eit riff som det er umogleg ikkje å verte riven med av, men originaliteten kom i samspelet mellom vokal, kor og blåsarar, og ein ny type «call and response»-struktur som ifølgje ein kritikar «byrja på kyrkjegolvet og enda på soverommet». Mange radiostasjonar nekta å spele «What’d I Say» fordi han vart i overkant heit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.