Arkivet: Radiooooo

Publisert

«Que Viste» trillar ut av høgtalaren, av Trio Matamoros, ein song frå 1932, elegant cubansk populærmusikk på sitt beste – humøret stig. Eg er på Cuba for snart eit hundreår sidan, men korleis kom eg dit?

I nokre veker no har eg plaga venner med sterke oppmodingar om å laste ned Radiooooo, men eg boblar framleis litt over, så dette må eg også ut til lesarane med. For det er denne appen som har fått meg til Cuba – og så mange andre stader – i det siste.

Det dreier seg om noko av eit leiketøy for eventyrlystne lyttarar: ein musikktidsmaskin med planeten som nedslagsfelt. Forhistoria har komme opp i nokre artiklar og intervju etter kvart. Benjamin Moreau, ein DJ og artist, køyrde langs den franske rivieraen i ein Renault Caravelle 1966-modell og tok til å fomle med den gamle radioen i det flotte dashbordet i tre. Musikken han fekk på, øydela diverre heile stunda, idet eit stykke horribel, kommersiell, masseprodusert musikk spraka ut frå høgtalarane. Tidsbobla sprakk stygt. Tonane mangla karakter.

Då kom openberringa til Moreau: Kva om ein kunne organisere musikk – ikkje basert på sjanger eller komplekse algoritmar, men som eit reinare uttrykk for tid og rom? Kva om ein kunne orientere seg historisk og geografisk, snarare enn alfabetisk? Vennen Raphaël Hamburger, ein lidenskapleg platesamlar med global hunger, likte ideen.

Slik vart Radiooooo unnfanga, eit enkelt, men smått genialt konsept.

Eg har vore i Venezuela på 1970-talet og Cuba på 1930-talet. Eg fann vegen til Japan på 1980-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement