Arkivet: Prince i bokform

Publisert

For litt sidan kom eg over I Would Die 4 U i ei hylle, boka den amerikanske forfattaren og musikkjournalisten Touré skreiv om Prince for nokre år sidan – det var i april 2013 eg skreiv om utgivinga på desse sidene.

Det er fleire gode grunnar til å hente fram igjen I Would Die 4 U no som forteljinga om Prince (1958–2016) av openberre grunnar er eit avslutta kapittel. Det er sjeldan ein les bøker om artistar som er så ambisiøst analytiske, og boka understøttar alt som vert tenkt mellom permane, med vurderingar av songar, konsertar og anna Prince føretok seg opp gjennom åra. Det dreier seg mykje om artistens komplekse handsaming av kjønn, seksualitet og religion i det han laga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement