Arkivet: Prefab Sprout

Paddy McAloon er aktuell med ei remastra utgåve av albumet frå 2003, no med bandnamnet Prefab Sprout.
Paddy McAloon er aktuell med ei remastra utgåve av albumet frå 2003, no med bandnamnet Prefab Sprout.
Publisert

Om popmusikken har sine geni, høyrer Paddy McAloon (61) til mellom dei, mannen som gjennom Prefab Sprout har gitt oss plater som Steve McQueen (1985), Andromeda Heights (1997) og i seinare år Crimson/Red (2013). Eg har lytta mine timar til denne musikken, men likevel var det underleg å høyre I Trawl the Megaherz (2003) igjen, albumet som først kom ut under McAloons eige namn, men no dukkar opp i remastra utgåve under Prefab Sprout-namnet, og for første gong på vinyl.

Kva grunnen er, kan eg ikkje heilt hugse, men eg lytta ikkje godt nok til plata den gongen ho kom ut – i 2019 høyrest utgivinga ut som noko av eit gløymt meisterverk. Den episke, lommeorkestrale tittellåten på 22 minutt er, med sine klassiske og jazza understraumar, eit ganske unikt stykke musikk, og ideen om å etterfølgje han med ei rekkje små, idérike stykke var ganske så briljant.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement