Arkivet: Prefab Sprout
Paddy McAloon er aktuell med ei remastra utgåve av albumet frå 2003, no med bandnamnet Prefab Sprout.
Om popmusikken har sine geni, høyrer Paddy McAloon (61) til mellom dei, mannen som gjennom Prefab Sprout har gitt oss plater som Steve McQueen (1985), Andromeda Heights (1997) og i seinare år Crimson/Red (2013). Eg har lytta mine timar til denne musikken, men likevel var det underleg å høyre I Trawl the Megaherz (2003) igjen, albumet som først kom ut under McAloons eige namn, men no dukkar opp i remastra utgåve under Prefab Sprout-namnet, og for første gong på vinyl.
Kva grunnen er, kan eg ikkje heilt hugse, men eg lytta ikkje godt nok til plata den gongen ho kom ut – i 2019 høyrest utgivinga ut som noko av eit gløymt meisterverk. Den episke, lommeorkestrale tittellåten på 22 minutt er, med sine klassiske og jazza understraumar, eit ganske unikt stykke musikk, og ideen om å etterfølgje han med ei rekkje små, idérike stykke var ganske så briljant.
Godt nytt er det også at Sony visstnok har planar om å gå vidare ned i McAloons arkiv – og at ei heilt ny plate er under arbeid. Fleire medium har meldt at mannen arbeider med eit typisk idiosynkratisk konseptprosjekt førebels titulert Femmes Mythologiques. Når kjem det ut? Somme trur til hausten, men det skal vi vere forsiktige med å håpe på – for McAloon har endra planar på oppløpet fleire gonger før.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Om popmusikken har sine geni, høyrer Paddy McAloon (61) til mellom dei, mannen som gjennom Prefab Sprout har gitt oss plater som Steve McQueen (1985), Andromeda Heights (1997) og i seinare år Crimson/Red (2013). Eg har lytta mine timar til denne musikken, men likevel var det underleg å høyre I Trawl the Megaherz (2003) igjen, albumet som først kom ut under McAloons eige namn, men no dukkar opp i remastra utgåve under Prefab Sprout-namnet, og for første gong på vinyl.
Kva grunnen er, kan eg ikkje heilt hugse, men eg lytta ikkje godt nok til plata den gongen ho kom ut – i 2019 høyrest utgivinga ut som noko av eit gløymt meisterverk. Den episke, lommeorkestrale tittellåten på 22 minutt er, med sine klassiske og jazza understraumar, eit ganske unikt stykke musikk, og ideen om å etterfølgje han med ei rekkje små, idérike stykke var ganske så briljant.
Godt nytt er det også at Sony visstnok har planar om å gå vidare ned i McAloons arkiv – og at ei heilt ny plate er under arbeid. Fleire medium har meldt at mannen arbeider med eit typisk idiosynkratisk konseptprosjekt førebels titulert Femmes Mythologiques. Når kjem det ut? Somme trur til hausten, men det skal vi vere forsiktige med å håpe på – for McAloon har endra planar på oppløpet fleire gonger før.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE