Arkivet: Pompeii igjen
Louise Clare Marshall song den vidgjetne vokalen på slutten av «The Great Gig in the Sky».
Det var i oktober 1971 at Pink Floyd fann vegen til amfiteateret i Pompeii, der dei heldt ein konsert utan publikum, og laga film av det. Eg minnest seine nattetimar i oppveksten der eg sat og såg på bandet framføre songar som «Echoes» og «A Saucerful of Secrets» mellom ruinane. Opptaket fanga eit band på terskelen av sin stordom. Dei hadde enno ikkje gitt ut Dark Side of the Moon (1973).
I fjor fann David Gilmour vegen tilbake til amfiteateret, og heldt to konsertar der. Eit opptak har vore å sjå på kinoar verda over, og no er også albumet ute. Nye Live at Pompeii vekslar mellom klassiske Pink Floyd-songar og Gilmours solomateriale, og kan knapt kallast ei naudsynt utgiving, sjølv om det sikkert var triveleg nok dei to sommarkveldane for dei som var der. Det meste her har vi høyrt før, og mykje av det mange gonger, også i ulike konsertversjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.