Musikk
Arkivet: Perfect Sounds Forever
Sidan 2011 har Perfect Sounds Forever systematisk henta framifrå indieartistar til Bergen, og det med ein teft som viser at dei følgjer med på det som skjer både innanfor og utanfor landegrensene. Det dreier seg om namn som vil vere ukjende for dei store massane, men som til gjengjeld tiltrekkjer seg svært så dedikerte lyttarar. Konsertane er spreidde utover året, men kvar haust klumpar det seg til i nokre dagar, og det gir meining å snakke om ein festival med namnet Perfect Sounds Forever.
Tysdag kveld – altså den 28. august – dukkar eit fint knippe artistar opp på Landmark: Snail Mail, Lucy Dacus og Stella Donnelly. Snail Mail debuterte før i år med Lush, Dacus kom ut med Historian, og begge kjem frå USA. Australske Donnelly gav ut EP-en Thrush Metal i fjor. Til Bergen kjem altså tre markante artistar med ferske, fine utgivingar – ta ein lytt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.