Arkivet: Peaches
Platesjappa Peaches ligg i New Orleans.Platesjappa Peaches ligg i New Orleans.
Foto: Øyvind VågnesFoto: Øyvind Vågnes
Frå tid til anna må det vere lov å bruke denne spalta til å lovsynge dei verkeleg gode platesjappene, dei med unik eigenart og karakter, og for nokre veker sidan var eg i ei slik, nemleg Peaches i New Orleans.
Butikken ligg i desse dagar nokre få kvartal frå huset der Dylan spela inn Oh Mercy med Daniel Lanois på slutten av 1980-åra, og i nabolaget til (dei faste kundane) Win Butler og Régine Chassagne (Arcade Fire). Butler brukar frå tid til anna å leike seg som DJ Windos 98 når han treng ein pause frå Arcade Fire og finn platene sine i hyllene hos Peaches.
Peaches har eksistert i fleire lokale og med skiftande identitet sidan eigar Shirani Rea starta med platesal i 1975. Og jammen om det ikkje var ho som tok oss imot då vi steig over dørstokken ein vinterdag 45 år seinare. I hyllene fann vi eit eklektisk utval i alle tenkjelege og utenkjelege sjangrar, ispedd sjeldne godbitar her og der.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.