Musikk

Arkivet: Paul Simon

Publisert

Etter ein omfattande turné som visstnok skal vere hans siste, byr no Paul Simon (76) på In The Blue Light, ei plate der han tolkar ti av songane sine på nytt. Til det har han fått med seg bra folk: Bryce Dessner frå The National, Wynton Marsalis på trompet og ensemblet yMusic.

Det hender veteranar redefinerer sin eigen songskatt i kraft av slike plater, slik Neil Young gjorde det – rett nok då han var langt yngre – med Unplugged (1993). In The Blue Light er ei elegant plate, men ikkje heilt i stand til å kaste nytt lys over det utvalde låtmaterialet på ein slik måte.

Kva prinsipp har Simon valt etter? Han meiner at desse ti songane enten har hamna litt i skuggen, eller at han kan få til noko med dei no, som han kanskje ikkje fekk til då han gav dei ut på plate første gongen. Dermed er ingenting frå Graceland (1986) med her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement