Arkivet: Pandemiplater

Publisert

At den hersens pandemien kjem til å etterlate seg mange spor i kunsten, er det liten tvil om. Dette inkluderer også musikk laga i løpet av, og prega av, året som har gått, og tida vi framleis er inne i.

Så vert det jo opp til kvar enkelt om ein no er for trøytt av det som har med virus, isolasjon og alt som har følgt, å gjere, til å kunne lytte til «pandemiplater» eller finne trøyst i slike prosjekt.

To markante døme finst i alle fall i A.A. Williams’ dagsferske album Songs From Isolation, og i Gillian Welch og David Rawlings’ nylege utgiving All The Good Times.Begge har til felles at dei byr på tolkingar av songar frå andre artistar, utførte i ganske strippa versjonar, som på ulike måtar får nye klangbotnar i tida vi har gått, og går, gjennom.

Låtvalet til Williams er fascinerande og byr til dels på forfriskande, radikale endringar av originalen. Pixies-rockelåten «Where Is My Mind», til dømes, er tappa for det euforiske og overskridande og framstår som eit vart uttrykk for resignasjon, på ei plate som også rommar songar av The Cure, Nine Inch Nails og Nick Cave, for å nemne nokre av dei som er tolka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement