Arkivet: Oxford American

Publisert

Tidsskriftet Oxford American har i ei årrekkje gitt ut spesialutgåver vigde sørstatsmusikk, og rett før jul kom Southern Music Issue Vol. 22, gjesteredigert av ingen ringare enn Brittany Howard (Alabama Shakes), som også har skrive ein fin tekst til nummeret.

Utgivinga utgjer ein aldri så liten lese- og lyttefest, med to delar, der den eine tek eit djupdykk i arkivet og hentar fram klassiske tekstar frå bladets historie, medan den andre presenterer nyskrive materiale: Tiana Clark om Nina Simone (2018), Amanda Petrusich om Bessie Smith (2013), Rosanne Cash har ein ny tekst om Sister Rosetta Sharpe, og Patterson Hood (Drive-By Truckers) skriv om oppvekst i Muscle Shoals, Alabama, og far sin, bassistlegenda David Hood (The Swampers).

Som om ikkje dette var nok, følgjer det musikk med: Oxford American har tidlegare late CD-plater følgje musikkutgåver, men dette er no erstatta med 15 timar kuratert musikk på Spotify-spelelister. På dei siste sidene får lesaren ein gjennomgang av tidlegare rikhaldige «southern music issues», som ofte har teke for seg spesifikke statar (Alabama i 2010, Mississippi i 2011, Louisiana i 2012 og så bortetter), omtalar som gjer vegen til eBay farleg kort (og potensielt farleg dyr).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement