Arkivet: Our Native Daughters

Publisert

Det var på ein turné saman med Leyla McCalla, med gruppa Carolina Chocolate Drops, at Rhiannon Giddens trefte på Amythyst Kiah og Allison Russell og fekk ideen om at dei fire skulle komme saman og lage musikk i eit studio i svært lite urbane omgivnader i Louisiana. Denne vinteren har dei komme ut med ei plate under namnet Our Native Daughters, med tittelen Songs Of Our Native Daughters (Smithsonian Folkways).

Giddens, McCalla, Kiah og Russell er alle sterke profilar med kvar sine markante røyster, og dei er multiinstrumentalistar, ikkje minst kjende for sine eigenarta måtar å traktere banjoen på. Det tek ikkje mange sekund inn i opningslåten «Black Myself» før prosjektets politiske karakter og motivasjon kjem fram som tydeleg antirasistisk, noko som vert stadfesta i ein tekst Giddens har skrive som følgjer albumet: «Det finst rasisme i dette landet – han er bakt inn i dei eldste institusjonane vi har – nett slik det finst sexisme og har gjort det i tusenvis av år. Midt i dette står den afroamerikanske kvinna. Brukt, misbrukt, ignorert og forakta har ho møtt desse kreftene med å vere utruleg modig, banebrytande og insisterande.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement