Arkivet: Nora Legrand

Publisert

Det er alltid kjekt å høyre frå lesarar, ikkje minst med tips om saker og ting som kan ha gått under min radar, og for noko sidan tok ein entusiast kontakt og bad meg lytte til Nora Legrand – eit relativt nytt namn verdt å merke seg i norsk americanasamanheng, og ein av tre finalistar i talentkonkurransen i Norsk Countrytreff i 2019.

Legrand, som kjem frå Rauma og har funne vegen til hovudstaden, kom med ein fin EP i vinter, Devotion, som rommar fem spor, mellom dei singelen «Out in Time» frå i fjor haust, ein countrysong om det å rette ryggen, løfte hovudet og leggje eit kjærleiksforhold bak seg.

Det er lite tvil om at Legrand kjenner sjangeren. Om eg no hadde sete i ein bil og køyrt gjennom skogane i Nord-Carolina, i retning Nashville, og kryssa statsgrensa til Tennessee, hadde eg ikkje stussa eit sekund om balladen «Dear East Tennessee» dukka opp på radioen. Devotion held høg kvalitet. Det dvelande, varme tittelsporet går inn i ein klassisk situasjon: Det ligg eit brev i postkassa, kven er det frå, og kva står det i det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement