«Er dette ein koronasong», spurde 11-åringen, då orda frå Neil Young kom over høgtalaren: «I try to wash my hands.»
Men det er nok skuldkjensle snarare enn smittevern som får Young til å vaske hender, «to make amends», i «Try», andresporet på Homegrown, som er ute i dag.
Young, som jamleg har gleda lyttarar med minikonsertar frå garden sin denne pandemivåren, laga Homegrown i 1974–75, men bestemte seg for ikkje å gi ut plata i ellevte time – omslaget var til og med klart. Sjølv seier Young at Homegrown utgjer ei hittil ukjend bru mellom Harvest (1972) og Comes A Time (1978), og det er ein god karakteristikk.
Young tømmer stadig skuffene, men denne gongen har han verkeleg leitt fram godsaker. På «Try» er det Levon Helm du høyrer på trommene, Emmylou Harris dukkar opp i refrenget, og Ben Keith er der på steelgitaren. «White Line», som kom i ei ganske anna tapping på Ragged Glory (1990), kjem her med Robbie Robertson på gitar. Slik held det fram.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.