Tidleg 1970-tal er ein glansperiode i Neil Young-katalogen, med folkekjære klassikarar som After the Gold Rush (1970) og Harvest (1972). Likevel held mange Young-lyttarar bekmørke Tonight’s the Night (1975) for å vere det fremste albumet til artisten. Vegen fram til utgiving var trøblete: Storparten av materialet vart spelt inn allereie i 1973, i løpet av éin augustdag, men det tok altså av ulike grunnar tid å få det ut.
Det var i september 1973 at Young med band opna den no legendariske rockeklubben Roxy på The Sunset Strip i Los Angeles. Med seg hadde han Billy Talbot og Ralph Molina, altså Crazy Horse, Nils Lofgren på gitar og piano og Ben Keith på steelgitar – og no er eit opptak ute på plate.
Etter at gjengen har dundra til med «Tonight’s the Night», og rølpa seg gjennom eit minutt med ølsongen «Roll Out the Barrel», melder Young frå til publikum at dei skal spele nokre nye songar denne kvelden. Roxy: Tonight’s the Night Live dokumenterer dermed publikums første møte med det som to år seinare skulle verte Tonight’s the Night, noko som unekteleg gir utgivinga eit rockehistorisk sus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.