Arkivet: Nanci Griffith

Nanci Griffith fekk både Grammy-pris og Americana Trailblazer Award.
Nanci Griffith fekk både Grammy-pris og Americana Trailblazer Award.
Publisert

For ei veke sidan kom den triste meldinga om at Nanci Griffith (1953–2021) har gått bort, og vi minnest henne med tre songar:

At det dreier seg om ein flott forteljar som ikkje lenger er mellom oss, er lett å forstå om du tek ein lytt til eit fint opptak av «Love at the Five and Dime» frå 1988, som er lett å leite seg fram til på YouTube. Songen, som opphavleg var med på The Last of the True Believers (1986), vert fint innramma på ein måte som vitnar om ein sceneartist med suverent grep om det anekdotiske.

Den bluesete, korte «Come On Up Mississippi», frå det som skulle verte det siste albumet, Intersection, i 2012, vitnar om ein litt annan Griffith. Nemleg songaren med det politiske og sosiale samvitet, som her syng om den hardt plaga delstaten i tittelen, med sin fattigdom, sine skitne gater og berrføtte barn, for å bruke låtskrivarens ord, i ein konfrontasjon med manglande empati og handlekraft hos medborgarar. Griffith var mild og hard om kvarandre, og ganske treffsikker på begge måtar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement