Arkivet: Musikk inspirert av filmen Roma

Publisert

Alfonso Cuaróns meisterlege film Roma er eigna til å skape all slags inspirasjon, og no har ei rekkje artistar kome saman om Music inspired by the film Roma, etter invitasjon frå regissøren sjølv.

Det musikalske spekteret er stort, men sekvenseringa gjer at det eine følgjer det andre slik det bør. Anslaget set ein høg standard. Patti Smiths «Wing» vert etterfølgd av eit av platas definitive høgdepunkt, nemleg Becks tolking av «Tarantula», ein popjuvel Colourbox laga i 1982, og som nok fleire enn meg hugsar godt frå versjonen som figurerte på This Mortal Coil-albumet Filigree & Shadow (1986). Beck har fått med seg Feist på kor, og har samarbeidd med far sin, David Campbell, om orkesterarrangementet, som tek songen ut av sin opphavlege minimalisme, utan at det vert feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement