Arkivet: Musikk for stille stunder
Robert Fripp hentar musikk frå arkivet.
Foto: Wikipedia
Påtvinga heimetid etter turnékanselleringar gav gitaristen Robert Fripp meir tid til å stelle i hagen heime i Worcestershire, kunne han fortelje i eit intervju med eit britisk musikkmagasin i sommar. Men ikkje berre det, 74-åringen fann heldigvis også tid til å grave i det massive arkivet sitt, for så sjenerøst å dele godbitar derifrå kvar veke, i serien Music For Quiet Moments, tilgjengeleg frå diverse nettsider og strøymetenester.
Den meditative, instrumentale ambientmusikken som har følgt drope for drope, jamt og trutt, på fredagar, lever i sanning opp til tittelen og rommar (så langt) opptak frå midten av 2000-talet og utover. Fripp, som vil vere kjend for fleire lesarar frå King Crimson og samarbeid med Brian Eno, David Bowie og David Sylvian, har laga eigne lydlandskap med gitarane sine i eit halvt hundreår, skildra og omtalte gjennom skiftande nemningar («Frippertronics», «Soundscapes»), og det han no porsjonerer ut, plasserer seg i forlenginga av dette arbeidet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.