Arkivet: Muscle Shoals Sound Studio

Forsterkaren til Davis Hood i Muscle Shoals.
Forsterkaren til Davis Hood i Muscle Shoals.
Publisert

Korleis har det vore mogleg å lage så mykje fantastisk musikk i Muscle Shoals, eit lite samfunn langt borte frå det urbane USA og musikkindustriens ulike senter, bortgøymt godt inne i djupet av staten Alabama? Det finst fleire moglege svar, kan filmen Muscle Shoals (Greg Camalier, 2013) fortelje, ein film der somme av dei som laga nokre av klassikarane sine der, kjem til orde, mellom dei Aretha Franklin, Keith Richards, Mick Jagger og Steve Winwood.

Etter at backingbandet The Swampers braut med Rick Hall og studioet hans i ein annan del av byen, etablerte dei Muscle Shoals Sound Studio i Jackson Highway 3614. Hit drog dei fleire av dei fremste artistane i verda. Er ein på desse traktene, kan ein stikke innom og få ei omvisning i det attreiste studioet som altså fungerer som eit slags museum, samtidig som det er fullt operativt som studio, som det kjem fram i meldinga over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement