JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Arkivet: Muddy Waters

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1467
20211126
1467
20211126

Tidlegare i haust kom The Montreux Years, ein boks med opptak frå tre konsertar Muddy Waters (1913–1983) gjorde på Montreux Jazz Festival i tidsrommet 1972–1977. Det er ei utgiving som byr seg som eit fint høve til å lytte, anten du er framand for artisten eller ønskjer å høyre meir, med eit repertoar tett på klassikarar. 

Opptaka høyrer til perioden då Waters laga fire plater for Blue Sky Records, alle produserte av Johnny Winter, mellom dei høgdepunktet Hard Again (1977), og det er ein fest å høyre opptaka frå Montreux-festivalen det same året, ikkje minst ikoniske «Got My Mojo Working». 

Songen vart ein slags signaturlåt etter Newport-festivalen i 1960, og medverka til å gi Waters eit veksande publikum av rockelyttarar, noko som særleg gjorde seg gjeldande i åra denne boksen dokumenterer, då han til dømes fekk ein plass i The Band-konsertfilmen The Last Waltz (Martin Scorsese, 1978), som vart spelt inn i San Francisco hausten 1976.

I den rike historieboka Delta Blues: The Life and Times of The Mississippi Masters Who Revolutionized American Music (2008) har Waters ikkje overraskande ein sentral plass, ikkje minst for rolla han spela i utviklinga av Chicago-bluesen, med kanoniserte utgivingar på selskapet Chess Records (som måtte pakke saman i 1975): «His songs looked to the future, even if they pretended to dwell on the past», skriv Gioia, i det medrivande kapitlet som skildrar karrieren til bluesgiganten.

Øyvind Vågnes

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tidlegare i haust kom The Montreux Years, ein boks med opptak frå tre konsertar Muddy Waters (1913–1983) gjorde på Montreux Jazz Festival i tidsrommet 1972–1977. Det er ei utgiving som byr seg som eit fint høve til å lytte, anten du er framand for artisten eller ønskjer å høyre meir, med eit repertoar tett på klassikarar. 

Opptaka høyrer til perioden då Waters laga fire plater for Blue Sky Records, alle produserte av Johnny Winter, mellom dei høgdepunktet Hard Again (1977), og det er ein fest å høyre opptaka frå Montreux-festivalen det same året, ikkje minst ikoniske «Got My Mojo Working». 

Songen vart ein slags signaturlåt etter Newport-festivalen i 1960, og medverka til å gi Waters eit veksande publikum av rockelyttarar, noko som særleg gjorde seg gjeldande i åra denne boksen dokumenterer, då han til dømes fekk ein plass i The Band-konsertfilmen The Last Waltz (Martin Scorsese, 1978), som vart spelt inn i San Francisco hausten 1976.

I den rike historieboka Delta Blues: The Life and Times of The Mississippi Masters Who Revolutionized American Music (2008) har Waters ikkje overraskande ein sentral plass, ikkje minst for rolla han spela i utviklinga av Chicago-bluesen, med kanoniserte utgivingar på selskapet Chess Records (som måtte pakke saman i 1975): «His songs looked to the future, even if they pretended to dwell on the past», skriv Gioia, i det medrivande kapitlet som skildrar karrieren til bluesgiganten.

Øyvind Vågnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB

Samfunn

Ei verdsordning i oppløysing

Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.

Bernt Hagtvet

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis