Arkivet: Micah P. Hinson hos BBC

Mikah P. Hinson har gitt ut ni plater på 15 år.
Mikah P. Hinson har gitt ut ni plater på 15 år.
Publisert

Av og til landar det ei utgiving i innboksen som får meg bort i platehyllene, og dette var tilfellet med Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation (Full Time Hobby/Border), som opnar med gode, gamle «Stand In My Way», ein av nøkkellåtane på Micah P Hinson and the Gospel of Progress (2004). Den gongen var Hinson 23 år, no er han i slutten av trettiåra, men røysta hans har ikkje endra seg mykje med åra, noko fjorårets Micah P Hinson Presents The Holy Strangers viste godt: No som då høyrest det ut som om mannen har levt i hundre år.

Hinson er ein produktiv mann. Han har gitt ut ni plater dei siste femten åra og har vore innom BBC fleire gonger i løpet av perioden, nok til at han kan samle dei beste stundene der og gi det ut på plate – dermed Micah P Hinson at the British Broadcasting Corporation. Opptaka er jamt fordelte og vart gjorde i 2010, 2012, 2014 og 2017.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement