15 år har gått sidan skotsk-tyske Max Richter laga The Blue Notebooks, og det feirar plateselskapet Deutsche Grammophon med jubileumsutgåve. Ikkje berre er innpakkinga ny – gamle og ferske lyttarar vil finne både nytt materiale og nye arrangement, samt remiksa versjonar av delar av innhaldet.
Richter er ein av desse røvarane som populariserer eit melodisk, klassisk musikkuttrykk og gjer det breitt tilgjengeleg. The Blue Notebooks er faktisk ein Spotify-favoritt, og musikken figurerer i reklamar, fjernsynsseriar og i spelefilmar. For min del vart eg først merksam på The Blue Notebooks gjennom den fabelaktige animerte dokumentarfilmen Vals med Bashir (Ari Folman, 2008), der noko av materialet dukka opp på lydsporet. Dermed vart noko av musikken uløyseleg knytt til nokre av dei ugløymelege scenene i Folmans djupt etiske og sjølvransakande filmforteljing. Folman har fortalt i intervju at han skreiv manuset til filmen i løpet av seks dagar, og at han lytta til Richter heile tida. Komponisten, på si side, har sagt at han las manuset og meinte det var som skapt for musikken hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.