Arkivet: Marvin Gaye

Marvin Gaye døydde i 1984, nær 45 år gammal.
Marvin Gaye døydde i 1984, nær 45 år gammal.
Publisert

Marvin Gaye framførte «What’s Going On» (1971) berre éin gong på konsert, og det skjedde ein kveld i mai 1972 på Kennedy Center i Washington D.C., etter at artisten ikkje hadde vore å sjå på ein scene på fire år.

Fans av plata – og dei er det mange av – vil ha glede av What’s Going On (Live) som kom ut i haust. Først tek Gaye seg tid til å varme publikum (og oss, snart eit halvt hundreår seinare) godt opp, med ein elegant, nesten kvarterlangt medley over gamle slagarar, inkludert «I Heard It Through The Grapevine».

Deretter følgjer «What’s Going On», men merkeleg nok valde Gaye å framføre plateside 2, med «Right On», «Wholy Holy» og «Inner City Blues», først, for deretter å ta plateside 1, innleidd med tittellåten – utan at nokon ser ut til å vite kvifor. Ein opptaksfeil gjer dessutan at «Mercy Mercy Me» rett og slett manglar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement