Arkivet: Mark Hollis

Talk Talk med Mark Hollis i midten.
Talk Talk med Mark Hollis i midten.
Publisert

Mark Hollis, ein av dei verkeleg interessante profilane som voks ut av popmusikken i 1980-åra, gjekk diverre bort for nokre veker sidan, i ein alder av berre 64 år. Tilfellet ville ha det til at eg dei siste dagane før eg tok i mot nyhendet om dødsfallet, hadde funne vegen tilbake til Mark Hollis (1998), det einaste albumet han gav ut under eige namn.

For det var med bandprosjektet Talk Talk at Hollis gjorde seg gjeldande, med nyromantisk synthpop med hitpotensial, før vokalisten og frontpersonen gjorde seg for fascinerande og vanskeleg til heilt å ta av kommersielt, og lét til å bestemme seg for å gi fullstendig blaffen i akkurat det.

Spirit of Eden (1988) og Laughing Stock (1991) følgde – rike, sjangeroverskridande og eksperimentelle verk. Særleg førstnemnde har halde seg utruleg godt, ein kritikarfavoritt som vel må kunne kallast ein moderne popklassikar. Platene selde dårleg, Talk Talk vart oppløyst i 1992, og etter at Mark Hollis kom ut, vart det ganske stille frå Hollis.

Eit unntak fleire vil hugse, er den sentrale rolla Hollis spela som musikar og produsent på noko av Smiling & Waving (2001), det flotte avantgardistiske popalbumet Anja Garbarek gav ut i ein alder av 21 år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement