Vi tillèt oss å vende tilbake til Mark Hollis, ein av dei verkeleg interessante profilane som voks ut av popmusikken i 1980-åra, og som gjekk bort for snart eitt år sidan, 64 år gammal. Då løfta eg fram Mark Hollis (1998), det einaste albumet han gav ut under eige namn, som eg tilfeldigvis hadde funne vegen tilbake til i dagane før eg høyrde at han hadde gått bort.
Det var med bandprosjektet Talk Talk at Hollis gjorde seg gjeldande, og det vart ganske stille frå det haldet i åra etter at Mark Hollis kom ut, men denne vinteren har albumet komme i ny utgåve på vinyl – eit godt høve til å lytte igjen, eller nærme seg desse songane for første gong.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.