Arkivet: Marianne Faithfull
Marianne Faithfull.
Pressefoto
I dag er det nye, fine albumet Marianne Faithfull har laga saman med Warren Ellis, ute, og vi løftar fram fire songar frå den rikhaldige karrieren hennar:
Lennon-låten «Working Class Hero» fekk ei ny, krass tyngd då Faithfull tok han med på røffe og konfronterande Broken English (1979), som opna mange auge for ein artist dei ikkje heilt hadde høyrt før.
Fleire samanlikna henne med Billie Holiday i seine år då Faithfull gav ut Strange Weather (1987), der ho tolkar gamle og nye klassikarar i songboka og gir dei sitt heilt eige særpreg, inkludert ein flott versjon av Otto Harbach og Jerome Kerns nostalgiske «Yesterdays» (1933).
Ikkje minst i seinare år har Faithfull laga fleire sterke plater, og då ho igjen song «As Tears Go By» (Jagger og Richards), som ho hadde ein hit med som 18-åring i 1964, på Negative Capability (2018), var versjonen lada med hardkjøpt livserfaring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.