Arkivet: Maret / Collin / Frisell

Publisert

Eit elegant, mjukt bod på kva americana også kan vere, er å finne på Americana, plata Grégoire Maret (munnspel), Romain Collin (piano, moog, pumpeorgel) og Bill Frisell (gitarar, banjo) gav ut i vår.

Sveitsiske Maret og franske Collin er begge immigrantar som har busett seg i USA. På Americana fortel deira eigne komposisjonar om ei oppdaging av – og tilnærming til – ein nordamerikansk songtradisjon på eigne premissar. For Frisells del, sidan han har vore i dette territoriet fleire gonger før, ikkje minst på Nashville (1997), må ein sjå dette prosjektet i lys av ei årelang interesse.

Trioen tolkar også låtar laga av andre, og det er i så måte ein interessant miks dei har med. Tolkinga av «Wichita Lineman» (1968), den klassiske Jimmy Webb-komposisjonen mange vil kjenne frå Glen Campbells versjon, er heilt nydeleg og som ei feiring av spekteret av stemningar ein må kunne seie bur i songen.

Opningssongen er eit overraskande val, for er Dire Straits-låten «Brothers in Arms» (1985) americana? Vel. Dei som kjenner Mark Knopfler som låtskrivar, vil nok forstå. Som artist har han i fire tiår i berre aukande grad nærma seg den nordamerikanske musikktradisjonen, først med Dire Straits og seinare som soloartist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement