Arkivet: Lovecraft Country
Ei scene frå serien som går på HBO Nordic.
Siste episode av den viltert sjangerleikne Lovecraft Country (HBO Nordic) kjem over helga. Dette er ein TV-serie som også har merkt seg ut med sitt forfriskande, eklektiske lydspor. Serieskapar Misha Green fekk med seg Liza Richardson, som mellom anna har bakgrunn frå radiokanalen KCRW, i arbeidet med å velje ut musikk, og saman har dei funne fram til ganske så uortodokse løysningar i fleire av seriens ugløymelege scener.
Lovecraft Country er sett til det amerikanske 1950-talet og kombinerer gruvekkjande skildringar av rasisme med sjangergrep ein kjenner frå mellom anna science fiction- og horrorfilm. I staden for å utstyre lydsporet med songar ein kjenner frå epoken og frå ein spesifikt afroamerikansk musikktradisjon, kombinerer serieskaparane slike element med ganske så ferskt låtmateriale, og ofte på overraskande måtar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.