Arkivet: Lost Notes
Lost Notes byd på musikkhistorie i radioformat.Lost Notes byd på musikkhistorie i radioformat.
For dei som er ute etter forteljingar om musikk i radioformat, finst det mykje bra der ute som altfor få kjenner til. Har du til dømes høyrt om podkasten «Lost Notes», som kjem sesongvis på kanalen KCRW? Målet med serien er å samle opp «the greatest music stories never told», og det er bra, for populærmusikken manglar ikkje forteljingar som har vorte fortalde i hel.
Du veit at noko bra er på gang når Solomon Georgio, verten for første sesong, byr på ein heil episode om Captain Beefheart og vier ein annan til den merkelege historikken til, og mytologien rundt, songen «Louie Louie» av Richard Berry.
I andre sesong tek Jessica Hopper over som vert og fokuserer på det som er slitesterkt – songar, album, musikarar, artistar – og prøver å finne ut både kva som gjer at noko vert ståande, tiår etter tiår, og korleis det endrar tyding. Dei som er glade i Cat Powers fenomenale album The Greatest (2006), bør sjekke ut episoden poeten og essayisten Hanif Abdurraqib formulerer som eit brev til artisten, som eg rett og slett finn gripande.
I tredje sesong er Abdurraqib sesongvert og sirklar inn eitt einaste musikkår, 1980, som er som eit vegskilje på så mange måtar, fleire av dei tydelegare etter at du har lytta til denne smarte serien.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.