Arkivet: London Calling

Bassen som Paul Simonon knuste på scena i 1979, utstilt i London.
Bassen som Paul Simonon knuste på scena i 1979, utstilt i London.
Publisert

Museum of London opna The Clash: London Calling i november, og den vesle, men omfangsrike utstillinga som fortel om korleis London Calling (1979) vart til, vert ståande heilt til 19. april i år.

Då eg var innom oppunder jul, var eg ikkje åleine om å verte ståande og glane på bassgitaren Paul Simonon knuste i september 1979, som var prominent plassert i ein glasmonter ved inngangen. Eg var heller ikkje åleine om å ha gråsprengt hår. Lengst myste eg på Joe Strummers maskinskrivne notat, tekstar og skriveri.

I museumsbutikken stønna ein som var endå gråare enn meg over alt fiksfakseriet det gjekk an å kjøpe der, for er ikkje dette produktrabalderet i strid med den eklektiske, rebelske, sosialt engasjerte rockemusikken London Calling representerte? Kanskje, men eg måtte likevel ha med meg utstillingsboka, London Calling Scrapbook, som rommar 120 sider med feiring av denne herlege knyttneven av eit album.

Kvifor er The Clash viktige i dag? Alexander Billet stilte spørsmålet i artikkelen «Why the Clash Matter» i magasinet Jacobin for nokre månader sidan.

Ifølgje Billet har industrien rundt bandet lagt for stor vekt på kommersielt innbringande mytedanning og ikkje fått godt nok fram det vesentlege:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement