Arkivet: Laurie Anderson på timeplanen
Laurie Anderson skal halde seks Norton-førelesingar.
Eit av vinterens høgdepunkt for min del har vore Laurie Andersons første Norton-førelesing, The River, som inngår i ein serie på seks føredrag titulert Spending the War Without You: Virtual Backgrounds. For eit par dagar sidan kom del to, The Forest, og arrangørane brukar å gjere innhaldet tilgjengeleg for ein avgrensa periode i etterkant. Du gjer vel i å låne ein time eller to av livet ditt til Anderson.
Eg er mett av Zoom, men gjer altså eit unntak her, for Laurie Anderson viser seg å kunne vise stor virtuositet også i zoomrommet, med ein ganske så særeigen verbal-visuell essaystikk, full av varme, klokskap og poesi, der alvoret og humoren begge får ein markant plass. Ikkje eit sekund er keisamt i selskap med denne kunstnaren.
The Norton Lectures er noko av ein institusjon og har vore arrangert i regi av Harvard-universitetet sidan 1925. Anderson går i fotspora til folk som T.S. Eliot, Jorge Luis Borges og Toni Morrison.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.